Skip to main content

Hei alle saman! Endeleg er det opna opp for stemner igjen, og med det inviterer Vestri islandshestforeining til treningsstemne på Ytrestøylen den 22. mai. Det blir eit uoffisielt stemne med lav terskel der deltakarane får øve seg. Ikkje minst er det ein moglegheit for oss arrangørar å teste ut det nye systemet, slik at vi er klare til å arrangere offentlege stemner når vi no endeleg får oss anlegg!

Av den grunn håpar vi derfor spesielt i år at flest mogleg kan leite fram hest å delta med.

Klasser:

Firgang – V2 og V5

Tølt – T3 og T7

Tregang – her viser ein skritt, trav/tølt og galopp. I denne klassa opnar vi for at andre hesteraser kan delta.

Pris: 100,- per ekvipasje for medlem, 200,- per ekvipasje for ikkje-medlem.

Ein kan då melde seg på så mange klasser ein ynskjer. Vipps nr.: 508854 Det blir moglegheit for å kjøpe enkel mat og drikke i kiosken.

Vi må også sjølvsagt fylgje smitteverntiltak for utandørs arrangement, og det vil vere handsprit tilgjengeleg rundt om på området. Påmeldingsfristen er sett til 20. mai og program med klokkeslett for stemnestart kjem fortløpande etter det. Påmelding til Veronica Hafezi på messenger. Påmeldingsavgift må vere betalt innan påmeldingsfristen. Vi gler oss til å sjå hestefolket samla igjen, vel møtt!

Leave a Reply