Skip to main content

Vestri Islandshestforening inviterar til innandørs stemne laurdag 14.september i ridehallen i Ørsta. Stemnet blir arrangert etter FIPO og NIHF stemnestruktur for 2024. Deltakarar må vere merksame på detaljar som t.d krav til medlemsskap, alder og kvalifisering. Det blir berre holdt uttakningar.

Klasser og disiplinar:
Alder reknast frå det året ryttar fyller i 2024

  • Sportsklasse A(krav om kvalifisering): Junior(13-15 år): T1, T2, V1, F1
    Ungrytter(15-21 år): T1, T2, V1, F1
    Senior(22+ år): T1, T2, V1, F1
  • Sportsklasse B(utan kvalifisering):
    Barn m/plassering(11-12 år): T7, V6
    Junior(13-15 år): T3, T4, V2, F2
    Ungrytter(16-21 år): T3, T4, V2, F2
    Senior(22+ år): T3, T4, V2, F2
  • Fritidsklasse og C/D: T7, V5
  • Tregang
    Tregang er ei uoffisiell klasse der det blir vist tre valfrie gangartar i valfri rekkefølge.

Premiering:
Sløyfe frå 1-5 plass.

Reglar og forbehald:

  • Hesten må ha raudt hestepass frå NIHF og vere min. 5 år.
  • Max påmeldte ekvipasjar er 30 stk.
  • Det takast forbehold om minst 5 påmelde og 3 startande for å arrangere ein disiplin. Klasser vil bli slått saman om det er for få påmelde.
  • Gyldig vaksinasjon, hestepass og eigenerklæring(eller veterinærattest ikkje eldre enn 8 dagar) må framvisast i hestemottaket.
  • A-kvalifiserte ekvipasjar må starte A-klasse.
  • Det takast forbehald om minst 10 startande for at stemnet blir gjennomført.

Vaksinasjonsreglar: https://www.rytter.no/sport/hesten/vaksinasjon

Oppstalling:
Det er ikkje tilknytta stall til ridehallen, men det vil bli satt opp nokre utekve. Anna oppstalling kan avtalast med:

  • Veronica Hafezi , 482 87 257
  • Torunn Hjelvik, 916 44 586
  • Mary Ann Krøvel Wiik, 983 13 949
  • Elisabeth Busengdal, 454 88 839

Ta med eige fôr og bøtte til vatn.

Pris:
Påmeldingsavgift for medlem er 500,- og for ikkje-medlem 600,-.
Dugnadsoppgåver kan forekomme.
Betalast ved påmelding.
Det vil også vere eit gebyr på 500,- dersom utekveet ikkje vert møkka.
Refusjon av avgifter gjerast berre ved framlegging av lege -eller veterinærattest innan 28. september pr. epost til vestri.islandshest@gmail.com

Kontakt:
Stevneleiiaar: Valentina Viktoria Brandal, 941 01 131

Anna informasjon og resultat blir fortløpande lagt ut på Vestri Islandshestforening si facebook-gruppe, samt på appen HorseDay.

Leave a Reply