SPLEIS – Handikaptoalett og kaffikrå
Pengane skal brukast til å bygge handikap-wc og kaffikrok i ridehallen i Ørsta. Vi har ikkje wc per dags dato, noko alle ønsker seg! Kaffikrå vil bidra til det sosiale i miljøet vårt. Målbeløp vil dekke ca 30% av kostnadene.
Vi er med å kjempe om årets DRIVKRAFT-midlar frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte for det vi driv med kan hjelpe oss å vinne. Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø og fellesskap i lokalmiljøet. Les meir om DRIVKRAFT
Stem fram ditt favoritt-tiltak!
SpareBank 1 Søre Sunnmøre delar årleg ut DRIVKRAFT-midlar til lag og organisasjonar, der alle som har eit konkret prosjekt på Søre Sunnmøre kan søke. I år skal det delast ut inntil éin million kroner. I tillegg blir det trekt ut ein vinnar i veka på 10 000 kr i perioden 31.januar-27.februar. Hjelp ditt favoritt-tiltak med å vinne ved å stemme på oss.