Torill Wollmann driv «Soltun Dyre og Hesteklubb» på Ytrestøylen, midt i mellom Ørsta og Volda. Der har dei diverse tilbod som terapiriding, barneriding og inn på tunet-virksomheit. I tillegg har dei, dei siste åra hatt eit godt sammarbeid med Røde kors og arrangert blandt anna «barnas dag» og «open gard», der fleire hundre har delteke .
Terapiridning:
Saman med fysioterapeut Silje Heltne har dei terapiridning to gongar i veka, tirsdagar og torsdagar. Dette har dei holdt på med i 12 år og har rundt 40 brukarar frå plassar i nærområdet. Dei tilbyr ein halvtimes ridetur ute i den flotte naturen, der hesten får gå på variert underlag som påverkar bevegelsen og skaper god balansetrening for rytter. Terapiridning er ein metode innan fysioterapi der hesten sine bevegelsar blir ei behandling, gunstig for opptrening av balanse, styrke, symmetrisk muskelarbeid og koordinasjon. Dette er eit tilbod både for fysiske og psykiske plagar i alle aldrar. Mange har forskjellege problemstillingar, og det er utrulig kjekt å sjå kor god virkning denne behandlinga har. Berre det å få vere i blandt dyr har stor betydning for helsa.
Barneriding:
Mandagar, tirsdagar, og også no onsdagar(grunna korona) er det barneriding. Her er det så stor pågong at dei er opp i 2-3 års ventetid. So no er håpet at når Ørsta Hest får hestesportsenter, og får starta med barneriding, at pågongen skal jamne seg ut og at alle born får muligheita til å ride. Hest er ein fantastisk hobby, og det er ikkje rart at pågongen er so stor som den er! Det er naturligvis ikkje alle hestar som er eigna som terapi/barnehestar. Dei må være 100% trafikksikre og tåle alt som skulle oppstå til ei kvar tid. Så hestar valgt til slike oppdrag, er valgt med omhu.
Inn på tunet-virksomhet:
Mange slit med å halde motivasjonen oppe på skulen. Ditte er ei tjenestene som skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktivitetane er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. Her har altså skulane i området et fantastisk tilbod dei burde nytte seg meir av. Dei viktigaste brukarane er barn og unge, mennesker med rusproblemer, funksjonshemma og eldre. Eit godt alternativ til kvardagen, og mange har stor glede av ditte.