Skip to main content

Har du lyst å prøve deg på hesteryggen for fyrste gong? Eller kanskje har du ridd aktivt tidligare og har lyst å friske opp gamle kunstar? Då melder du deg på ridekurs for vaksne laurdag 17. oktober! Dette kurset er ope for alle over 18 år, både deg som har ridd før, og for deg er heilt fersk.

Vi deler inn i grupper etter nivå. Får vi til reine dame- og herregrupper er det ekstra artig! Her skal det vere god takhøgde og null prestasjonspress . Ynskjer du at nokon leier hesten heile eller delar av timen, står flinke folk klare til å gjere det.

Kurset varer i ca 1 time, det inkluderer ca 10 min innføring i sikkerheit og tilpassing av utstyr, og ca 50 min. riding på innegjerda ridebane. Endelig klokkeslett blir sett når vi ser kor mange grupper det blir. Instruktør er Madsi Vinjevoll. Du treng ikkje noko fancy utstyr for å vere med, men alle må ha sko med litt hæl på (ikkje joggesko). Hjelmar har vi til utlån. Vi har nokre kjekke hestar til disposisjon, i tillegg oppfordrar vi dei som har tilgong på hest sjølv om å ta med den.

Begrensa antal plassar for dei som treng å låne hest. Førstemann til mølla! Øvre vektgrense for rytter på lånt hest er 100 kg.

Pris:

400,- inkl. lån av hest.

300,- for deg med eigen hest.

Alle inntekter frå dette kurset går uavkorta til bygging av ridehall på Mosflata.

Leave a Reply