Skip to main content

Endeleg får vi Ole Johansen til å kome til Ørsta og Volda igjen! Det blir Natural Horsemanshipkurs, der ein kan få hjelp til ulike utfordringar du har med din firbeinte pelsvenn. Ole har lang erfaring med hest, og kan hjelpe oss hesteeigarar og hesteinteresserte til å betre forstå hestane våre og oppnå betre kommunikasjon mellom hest og menneske. Eit Ole-kurs har eit bredt omfang, og kan handle om alt frå adferd og adferdsendringar, traumer hesten har opplevd og slit med og treng hjelp til å kome seg gjennom, oppgåver og treningsproblem vi gjerne vil lære hesten å løyse. Bakkearbeid, arbeid frå ryggen, vogntrening, tilvenning av vogn, innkøyring. Det er kun kreativiteten som er ein stoppar! Tidligare kurs har inneholdt t.d.: -Lasting på hengar -Vanntrening med vannslange -Longering i rundpaddock -Vogntrening Kurset vert i den nye ridehallen vår i Ørsta.

 

Alle hestevenar er velkomne til å delta med eller utan hest!  DET VERT 3 DAGAR MED MYKJE NY LÆRDOM OG KUNNSKAP!  DETTE MÅ DU FÅ MED DEG!

 

Kurset startar fredag 23. september ettermiddag og avsluttast søndag 25. september førmiddag.(Nøyaktig klokkeslett må vi kome tilbake til når vi har fått organisert alle påmelde) Trykk interessert HER om du kan tenke deg å bli med, og «skal» om du er sikker Maks. antall deltakarar med hest 10 stk og ubegrensa antall deltakarar utan hest .

Prisar: Kjem tilbake til dette fortløpande.

For påmelding send sms til Marita Kalvatn Moe, 911 45 378

Skriv litt info om deg sjølv og hesten din. -Namn, alder, rase, bruksområde -Kva problem/ønsker har du som du vil ha hjelp til og øve på?

 

Bindande påmelding. Ørsta Volda Fjordhestlag -Styret og aktivitetsnemnda

Leave a Reply