Generelle regler ved bruk av ridehallen, for å oppretthalde trivsel og tryggleik.
- Alle som nytter hallen skal betale halleige.
- Det er lov å sleppe hester, men vaksen hest over 3 år må sleppast 1 og 1. Yngre hestar kan sleppast saman. (Slepping er ei prøveordning) Ved slepping av hest skal den enkelte slodde etter seg.
- Venstre hand har førsterett på sporet. Det vil seie at passering skjer venstre skulder mot venstre skulder.
- Undervisning og booka tider i hallen har alltid førsterett.
- Dersom fleire trener samtidig skal leiing og skritting skal alltid skje innafor firkantsporet.
- Firkantsporet har forkjørsrett på bana, og storvolter har vikeplikt.
- Når fleire har egentrening samtidig så ta hensyn. Unngå høge rop, prating og korrigeringer som kan sjenere andre.
- Ved bruk av utstyr som hinder vogner etc så må dette ryddast på plass etter bruk.
- Kast søppel i bosset.
- Hugs å fjerne all møkk etter hesten din både inn og ute, slik at det ikkje går utover tida dei frivillege bruker på slodding og måking. Fjern møkka raskast råd slik at det ikkje vert trakka nedi underlaget.
Som eit ledd i klubbutviklingsarbeide og satsingklubb-prosjektet med NRYF som rideklubben jobber med, ynskjer Ørsta Hest å auke fokus på haldninger til alle som har tilknytning til Ørsta Hest.
Vi har derfor laga nokre haldningsregler som gjeld for alle våre brukera.
- Alle seier HEI når dei kjem inn i hallen. Vis hensyn og vær oppmerksom.
- Hugs at me alle er her for å drive med hobbyen vår som me er så glad i.
- Me ynskjer det skal vere god takhøgde for å minne om ting og å ta opp ting, men på ein konstruktiv måte.
- Kom med tilbakemelding til styret om ynskjer, forbetringspotensiale etc vedr bruk og drift av hallen så snart du kan.
- Har du ikkje noko hyggeleg å sei? Hald det for deg sjølv. Men del gjerne positive og hyggelige kommentarer.
- Vi vil at alle tilreisande skal få ei god oppleving av oss. Ynsk dei velkommen og slå gjerne av ein prat.