Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, seiast det. I 2020, kan det nesten tellast på ei hand antal dagar det har våre fint vær. Det stoppar sjølvsagt ikkje hestefolket frå å trene, men det er absolutt slike dagar ein drøymer om hall!
Torunn kjem jamnleg til å tilby treningar framover, hovedsakelig på onsdagar. Oppdatering og påmelding er å finne på facebookgruppa «Ridetimar for Torunn i Ørsta/Volda».
Prisar 30 min:
- 250 kr per ekvipasje per gong for Vestri-medlemmar.
- 300 for ikkje-medlemmar.
Dersom ho skal reise til Volda må der vere minst 4 deltakarar/betale tilsvarande (kan vere fordelt mellom Volda ridebane og Ytrestøylen) og dei må sjølve passe på å betale baneleige der. Ho har ikkje skulehestar, så deltakarar må møte med eigen/lånt hest.
Betaling via Vipps og bedrifta er kalla : Melshestar -Torunn Hjelvik
NRYFs Koronavettreglar
• Vask av hender ved ankomst stallen
• Rengjering/desinfisering av hesten sitt utstyr – spesielt tøylane
• Ri med eige utstyr som hjelm og evnt. sikkerheitsvest
• Ha på hanskar til ei kvar tid
• Maks 5 personar samtidig, inkludert trenar, evnt. annan vaksen person
• Alle må halde minimum 2 meter avstand
• Dersom det kun er born og unge som rir, skal det vere ein vaksen til stades for å syte for at avstandskravet blir overheldt
Kjempebra at vi får eit nytt treningstilbod i Ørsta og Volda. Torunn er dyktig og flink til å motivere – så meld dokke på 🙂